Attraksjonar / Aktivitetar

Ingen stader i Noreg finst så mange gamle klyngetun (bondelandsbyar) som her. Av dei er det freda  Agatunet med hus like frå mellomalderen i nasjonal særklasse. I det fruktbareog vakre landskapet som strekkjer seg frå fjorden  og opp til Folgefonna ligg det mange spanande attraksjonar og opplevingar å ventar på gjester i alle aldersklassar. Her kan du vandra på vegar gjennom frukthagar tun og utmark. Du kan få omvisingar på fruktgardar, oppleva blomstring, frukthaust og vandra der pilgrimar gjekk i mellomalderen. Eller kansje du vil vandra i fotefara til dronninga vår?

 

Agatunet er eit av dei få ivaretekne klyngjetuna i Noreg. I tunet finn ein eineståande døme på vestnorsk byggjeskikk frå mellomalderen og fram til i dag.

 

Ved foten av Folgefonna nasjonalpark ligg Bleie i Vikebygd landskapspark. Her kan de besøke Bleietunet; 3 nabogardar med spennande historie.

Fylgjer du grenseelva mellom Odda og Ullensvang, Kvitnaelva, kjem du til Raunsdal som ligg i Folgefonna nasjonalpark. 

Turen er bratt og litt luftig, men krev ikkje klatrekunnskapar. Utsikta frå Solvarden (1105) og ikkje minst Hanakamb (1088) er storvegs og ein får sett Sørfjorden og Odda frå uvant vinkel.

Skredløpet gjekk av stabelen for fyrste gong i 2007 og vart alt frå starten ein suksess med omlag 230 deltakarar. I 2008 var talet deltakarar auka til omlag 270, og har vidare auka jamt til over 300 som deltok i 2013.

Pilegrimsvegen  frå Krossdalen i Jondal til Reiseter i Ullensvang og Buførevegen frå Reiseter til Botsvatn i Ullensvang er tilbakeført og istandsett til glede for turgåing og vandring på Folgefonnhalvøya